Årsrekneskapen for 2022 viser eit årsresultat på
– kr 419.213

Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) hadde eit underskot for 2021 på 65 MNOK som følgje av tap på prissikring av kraftproduksjon, og sette difor ikkje av utbyte i årsrekneskapen for 2021.

Som følgje av endra skattlegging av kraftproduksjon hausten 2022, viste prognosane til SFE at det ikkje var rom for å dele ut tilleggsutbyte før utgangen av 2022. Sogn og Fjordane Holding AS informerte difor eigarane sine om at det ikkje ville kome utbyte frå Sogn og Fjordane Holding AS i 2022.

Det er i årsrekneskapen til Sogn og Fjordane Holding for 2022 ikkje midlar til å kunne sette av utbyte.

Generalforsamlinga i SFE gjorde i juni 2023 vedtak om avsetning til utbyte på 125 MNOK. Dette utbyttet dannar grunnlag for at Sogn og Fjordane Holding AS kan dele ut eit utbyte i juni 2024 på nærare 62 MNOK.

→ Sjå: Rekneskapane til Sogn og Fjordane Holding AS